NYHEITER
Laurdag 14.september 2024:
Strandryddedag på Vinnes
Strandrydding og lappar på Vinnes.
Vinnes Bygdeutval arrangerte strandrydding laurdag den 14.september 2024. Om lag 30 motiverte ryddarar møtte opp ved Nesjaheimen, og med tomme bossekkar, nye hanskar og godt humør drog dei ut til kvar sin teig. Sola titta fram og gjorde dagen og jobben kjekk.
Me fekk rydda heile strandlinja frå Skåtavågen til Djupvik, inklusive rundt Skåtaholmen. Tilbakemeldinga var eintydig, mindre boss enn i fjor! Kanskje både privatpersonar og næringsdrivande er blitt flinkare til å ikkje kasta/missa plast i naturen? -me vonar det! Det me imidlertid ser er at det er ein del små fibrar frå plasttau som er umogeleg å plukka og som dermed blir liggjande og kanskje går inn i næringskjeda. Trist.
Etter 2-3 timar var jobben gjort, og kva er ikkje då betre enn å kunna setja seg ned og slå av ein prat med gode bygdefolk over ein kopp kaffi? Utafor Nesjaheimen hadde Bygdeutvalet rigga til med benkar, kaffi og lappar med tilbehør. Praten gjekk lett og haugen med bossekkar vaks i den framkøyrde tilhengaren.
Iver Koldal Dalland (sjå bilete) var den yngste deltakaren, og gjorde ein kjempeinnsats!!
Med rydda strandsone vert Vinnesbygda ein endå trivelegare stad å bu. Tusen takk til alle som deltok!
Helsing Vinnes Bygdeutval