Offisiell åpning av ny gapahuk
tir. 01. apr.
|Vinnes
Vinnes friskule inviterer til offisiell åpning av ny gapahuk tirsdag 01/04 kl 18.00


Tid og sted
01. apr. 2025, 18:00
Vinnes, Vinnesvegen 574, 5641 Fusa, Norge
Om arrangementet
Dette er ikkje ein spøk: Tysdag 1.april kl 18.00 vert det offisiell opning av den nye gapahuken vår. Me vil gjerne gjera dette til ein fest, så derfor håpar me at de vil samla saman slekt, vener, bygdafolk og det som kan krypa og gå til ein fest i skogen. Gapahuken er bygd av Crux Vindfanget på oppdrag frå Vinnes Friskule. Grunneigar Dag Vindenes har sett på prosjektet med godvilje og me satsar på at bygget skal koma til nytte i mange år framover. Gapahuken ligg på staden skulen kallar for "oppe på uteområdet" og er nabo til øvre del av Kleivane.
Det vart i haust lyst ut namnekonkurranse for nybygget og det vart eit eleforslag som vart stemt fram som det beste namnet. Skilt med nytt namn blir avduka på opningsfesten. Elevane har bygd ny grue på uteområdet og den skal òg nyttast denne kvelden.
Program:
- 18.00 Velkommen ved…